TorbjØrn Lien
Dylan og Black Metal
Torbjørn Lien debuterte med serien Kollektivet i bladet Larsons gale verden i 2000, og året etter kom det fyrste albumet.
Juni 2008 markerast ei ny milepæl for denne freske serien: Eiga seriehefte!
I det nye bladet kjem Kollektivets karakterer til sin fulle rett, og Lien lovar også at andre norske talent skal få sjansen til å utfalde seg på sidane der.
Serien om Ronny og dei andre i bufellesskapet hans ber preg av animatør-utdanninga til Lien. Han har ein særeigen stil der han leikar seg med ansiktsutrykk og overdrivelser.
Andre seriar som Lien har jobba med er Blacktööth og Mannakorn.
Blacktööth gjev oss nærare innblikk i turnelivet til Ronny frå Kollektivet og bandet hans. Mannakorn, ein serie der Lien illustrerte bibelsitat, vart fjerna frå avisa Vårt Land etter at leserbrev kalla rutene ”blasfemisk”.
Lien er busett i Volda men er opphavleg frå Mosjøen.
